– I løpet av januar har arbeidsløysa gått kraftig ned, og etterspørselen etter arbeidskraft auka. Dette viser at Noreg så langt er lite merka av krisa i Europa, seier arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad i en pressemelding. Ved utgangen av januar er det registrert 71 500 heilt arbeidslause. Nedgangen frå januar i fjor er på 9 800 personar, eller 12 prosent. Når vi tar omsyn til sesongmessige svingingar, har summen av heilt arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar vorte redusert med 2 300 personar den siste månaden.
Mange nye ledige stillingar
I løpet av januar blei det lyst ut 25 900 ledige stillingar. Dette er ein auke på 12 prosent frå januar i fjor. Estimerte tal viser at ledige stillingar innan bygg og anlegg har auka med 33 prosent det siste året. Også innan helse, pleie og omsorg og innan barne- og ungdomsarbeid har det vore ein kraftig auke i talet på nye ledige stillingar.
Færre arbeidslause innan bygg og anlegg
Arbeidsløysa går ned innan dei fleste yrkesgrupper, viser estimerte tal frå NAV. Ved utgangen av januar er det 30 prosent færre arbeidslause bygg- og anleggsarbeidarar enn på same tid i fjor. Også innan ingeniør- og ikt-fag har arbeidsløysa vorte kraftig redusert det siste året, med ein nedgang på 24 prosent. Den einaste yrkesgruppa som har hatt ein auke i talet på arbeidslause, er barne- og ungdomsarbeid, der det er 6 prosent fleire arbeidslause.
Størst nedgang blant menn
Det siste året har arbeidsløysa gått ned både blant menn og kvinner. Nedgangen er størst for menn med 17 prosent. For kvinner er nedgangen på fire prosent. Ei viktig årsak til denne forskjellen er at fleire menn enn kvinner arbeider innan dei yrkesgruppene som har størst nedgang i arbeidsløysa, som bygg og anlegg og ingeniør- og ikt-fag.
Færre har søkt arbeid lenge
I løpet av det siste året har det vorte 15 prosent færre arbeidslause som har søkt arbeid i eitt år eller lengre.
– Over lang tid har arbeidsløysa auka for dei som har søkt arbeid lenge. No har denne trenden snudd, og arbeidsløysa går ned også blant dei som har søkt arbeid lengre enn to år. Dette er gledeleg, seier Lystad.
Lågare arbeidsløyse i dei fleste fylke
Det er færre arbeidslause i alle fylke så nær som Telemark, der det er ein prosent fleire arbeidslause enn same tid i fjor. Arbeidsløysa har gått mest ned i Rogaland med 24 prosent og Sogn og Fjordane med 23 prosent.
I Sogn og Fjordane er arbeidsløysa lågast med 1,8 prosent, deretter kjem Rogaland med 2,0 prosent. Arbeidsløysa er høgast i Telemark med 3,8 prosent, deretter kjem Aust-Agder og Østfold begge med 3,5 prosent.
Kilde: www.nhoservice.no / NAV


